Andvevarljod

Lyrics

Vendum vendum
 Or vordehaugen,
 Drog eg ordi
 Leita songar
 Upp or jordi
 Dreiv på vindar,
 Vakre viser
 Lagnadsdiser,
 Baud meg vitje,
 Baud meg sjå,
 Min eigen tråd,
 I Nornespå
 Rend er veven
 Med ørlogstrådar
 Ramme rim,
 Magnar banda
 Kvervelvindar,
 Hapt i hugar
 Liv og lagnad,
 Ordi avlar
 Såg du din fyrste dag
 Drog fyrste andedrag
 Der omkring stod nornar ni
 Vinda vevja, vind til liv
 Låg du der i favn åt mor
 Knytta i ei navlesnor
 Bytte den med ættarband
 Liv og lagnad, i det spann
 Møyer steig på ættarhaug
 Dansa yver alv og draug
 Vinden leiker, i møyer dreg
 Vinden som vil fylgje deg
 Nornar nie steig fram
 Vov og bandt lagnad
 For min unge, eg gåver baud
 Så ingen vov med ilske naud
 Ved stokk ved stein ved trolletein
 Spinn dei lagnad, utan mein
 Nornar nie, høyr meg
 Vord min veg, før med
 Lindrande hender
 I lækjande fotspor
 Andar inn
 Tankar svinn
 Andar ut
 Reidsle rinn
 Kvart eit drag
 Viljen veks
 Hjarte sler
 Vidt eg ser
 Vind i hått
 Vind i hugen
 I mitt mot
 I min vilje
 Slepp det fri
 Lar det fara
 Eg vert heil
 Eg er heil
 Kom vind i hátt
 Kom vind i hug
 Vilje som veks
 I temjande vers
 Kveikjer ein storm
 Den kveler sott og sorg
 Du vert heil
 Du er heil
 Eg vert heil
 Eg er heil
 Vendum vendum
 No hev Nornar
 Vevd si vise
 Songen stillnar
 Vinden med
 Gåver gjevne
 Til den som lytta
 Her eg stende
 I heilagt vé
 Gamalt minne
 Lemnar meg
 Lemnar meg
 Lemnar meg...
 

Audio Features

Song Details

Duration
10:16
Key
7
Tempo
130 BPM

Share

More Songs by Wardruna

Albums by Wardruna

Similar Songs